Hopp til innhold
KV Bygg Suldal - Me byggjer lokalt for framtida i Ryfylke logo

KV Bygg Suldal - Me byggjer lokalt for framtida i Ryfylke

Norgeshus KV Bygg Suldal er eit lokalt byggjefirma i Suldal kommune, med lange tradisjonar og brei kompetanse innan bygg og handverk. Frå hovudbasen vår på Sand leverer me byggjetenester til private, til næringslivet og til offentlege oppdragsgjevarar.

Sett forhandler

Du kan velge denne forhandleren som “min forhandler”. Alle kontaktpunkter, referanser etc vil da bli knyttet denne.

Lokalt engasjement. Solid handverk. Trygge leveransar.

Lokalt engasjement. Solid handverk. Trygge leveransar.

Me hjelper deg med alt frå nybygg av hus og hytter til rehabilitering, tilbygg, næringsbygg og offentlege bygg. Med eigne avdelingar for service, mur og flis og blikkenslagartenester kan me tilby eit breitt spekter av tenester – samla under eitt tak.

Service og vedlikehald – me hjelper deg med dei små og store oppgåvene

Service og vedlikehald – me hjelper deg med dei små og store oppgåvene

Treng du hjelp med vedlikehald, reparasjonar eller mindre byggjeoppdrag? Serviceavdelinga vår utfører små og store oppdrag for både private kundar, næringslivet og offentlege verksemder i Suldal og indre Ryfylke.

Me veit at ikkje alle byggjeprosjekt er store. Ofte er det dei mindre oppgåvene som må løysast raskt og effektivt. Difor har me ei eiga serviceavdeling som er organisert for å handtera oppdrag med kortare leveringstid og god fleksibilitet.

Me hjelper deg med alt frå mindre reparasjonar og vedlikehald til oppussing og ombygging.

Har du eit oppdrag du ønskjer hjelp med?

Ta kontakt med serviceavdelinga vår; tlf 412 16 167

-så finn me ei god løysing saman

Blikkenslagartenester i Suldal og indre Ryfylke

Blikkenslagartenester i Suldal og indre Ryfylke

Solid handverk og skreddarsydde løysingar i metall.

Våre blikkenslagartenester omfattar mellom anna:

  • Pipebeslag og pipehattar.
  • Takbeslag og overgangsbeslag.
  • Vindskibeslag og vassbrettbeslag.
  • Takrenner og nedløp.
  • Spesialtilpassa beslag etter mål.
  • Produksjon og montering av ulike blikkprodukt.
  • Beslag til nybygg og rehabiliteringsprosjekt.

KV Bygg Suldal har eiga blikkavdeling som leverer blikkenslagartenester til private kundar, entreprenørar og næringslivet i indre Ryfylke.

Med eigen blikkverkstad og fagkompetanse kan me produsere og tilpassa beslag og metallprodukt etter mål og behov. Me utfører både enkeltoppdrag og større leveransar, og samarbeider tett med tømraravdelinga vår for å sikra gode og heilskaplege løysingar.

Blikkarbeid er ein viktig del av eit bygg. Riktig utføring og gode detaljar bidreg til å verna bygget mot fukt og vêr, samstundes som det gir ein fin og gjennomført utsjånad.

Me har ambisjonar om å vidareutvikla blikkavdelinga og styrkja tilbodet vårt i regionen. Med gode verkstadfasilitetar og lokal fagkompetanse ønskjer me å vera ein føretrekt leverandør av blikkenslagartenester i indre Ryfylke.

Treng du beslag eller blikkenslagartenester?

Ta kontakt med oss tlf; 52 790 630 - for ein prat om ditt prosjekt

Mur- og flistenester i Suldal og indre Ryfylke

Hos KV Bygg Suldal tilbyr me mur- og flistenester til både private kundar, næringslivet og offentlege oppdragsgjevarar. Me tek på oss både små og store oppdrag, frå mindre flisarbeid til større prosjekt innan mur og flis.

Me veit at godt handverk ligg i detaljane. Difor legg me vekt på nøyaktig utføring, gode materialval og løysingar som både ser bra ut og held over tid.

Våre tenester omfattar mellom anna:

  • Flislegging av bad og våtrom.

  • Flislegging av golv og veggar.

  • Murarbeid og pussing.

  • Reparasjon og rehabilitering.

  • Andre mindre og større oppdrag innan mur og flis.

Med lokal tilhøyrsle, brei kompetanse og fokus på kvalitet ønskjer me å vera ein trygg samarbeidspartnar gjennom heile prosjektet.

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat; tlf 52 790 630