Velkomen til Din Bustad, forhandlar av Norgeshus!

Vi har gjennom mange år bygd hus, leilegheiter og hytter til nøgde kundar i Nordfjord. Vi følgjer deg tett gjennom heile prosessen, frå det første møtet til nøkkelen står i døra. Ta kontakt for ein uforpliktande bustadprat.

Velkomen til Din Bustad, forhandlar av Norgeshus!
Velkomen til Din Bustad, forhandlar av Norgeshus!

Arkitektteikna hus av høg kvalitet

Våre kundar utviklar sine hus eller hytter saman med oss. Her får dykk arbeide direkte med våre arkitektar som sikrar hurtige avklaringar og godt eigarskap til dykkar framtidige bustad eller hytte. Dette kombinerte med norske produktleverandørar, får du levert eit hus med høg kvalitet.

Byggjesett eller nøkkelferdig hus/hytte

Vi leverer byggesett, eigendom som er ferdig utvendig eller nøkkelferdige bustadar/hytter. Ved val av oss, hjelper vi med heile prosessen fra planlegging, prosjektering, søknadar og utføring på byggeplass til ferdigstilling. 

Din tryggheit hele vegen

Din Bustad er organisert med dagleg leiar og byggjeleiar som er lokalisert på kontoret i «Skreddarhuset» i Øyane 11 6770 Nordfjordeid. Vi gjer alt «papirarbeidet» og er din tryggheit heile vegen. 

Dyktige tømrarar

Tømrararbeidet er organisert i tett samarbeid med den solide tømrarbedrifta Bødal og Næss Bygg AS. Her er det ansatt om lag 3-4 fagarbeidarar og 1-2 lærlingar. Vi har i fellesskap bygd om lag 60 bustadar sidan vi etablerte samarbeidet i 2016. 

Vi er stadig på utkikk etter dyktige medarbeidarar, så om du ynskjer læreplass eller å jobbe med oss, ta kontakt.