Kviehogane hyttefelt i Harpefossen Skisenter

Velkommen til Kviehogane hyttefelt i Harpefossen Skisenter. Kviehogane hyttefelt ligger i Hjelmelandsdalen, kun 15 minutt frå Nordfjordeid sentrum og 60 km frå Måløy. Her har du både urørt natur og urbane opplevelsar for alle sesongar i nærheita

Kviehogane hyttefelt i Harpefossen Skisenter
Kviehogane hyttefelt i Harpefossen Skisenter

Beliggenhet
Med Harpefossen Skisenter og nærleiken til naturen rett utanfor døra, er dette den perfekte staden å ha hytte for den aktive familien. Her spenner du på deg skia og renner rett i løypenettet. Altså «ski inn/out».

Breit sortiment
Med vårt breie sortiment av hyttemodellar har du mykje å velje i. Gjennom våre dyktige arkitektar, har du moglegheit til å få akkurat dei tilpassingane du vil eller ei spesialteikna hytte om det er det du ynskjer.

Gode råd og hjelp til planlegging
Din Bustad AS hjelper deg med heile prosessen frå val og kjøp av tomt til ferdig hytte. Vi blir din trygge samarbeidspartnar som tilpassar hyttedraumen etter dine ynskjer og behov.

Vil du ha meir informasjon om Kviehogane hyttefelt?
Snakk med meg om ting du lurer på - eller spør om ei visning på hyttefeltet!
Vegard Meland, mob. 969 04 788, epost: vegard.meland@dinbustad.no

 

8 hyttetomter igjen for sal!

Din Bustad er stolt av å byggje ut dette feltet i samarbeid med Harpefossen hyttegrend og leverandør Norgeshus. 8 tomter igjen!

Fritidsleilegheiter
Vi ser på moglegheitene med vår nye leverandør Norgeshus for eit nytt konsept på vår tomt som er regulert for fritidsleilegheiter. Her tenkjer vi mindre einingar til rett pris.
Meld interesse til oss om dette er interessant for deg.

Eit ekte paradis for den aktive familien
Ei fritidsleilegheit eller hytte er ein fristad for alle familiens medlemmar, der gode opplevelsar og tid saman står i fokus. Idylliske og morosame Kviehogane og Harpefossen hyttegrend byr på eventyr, attraksjonar og opplevelsar heile året for både store og små. Her kan den aktive familien boltre seg med ski i alle variantar, sykle langs nydelege stiar, gå tur i det friske fjellet, padle kano på eit av de mange glitrande fjellvatna, teste fiskelykken og mykje mykje meir. Her blir du del av eit område fullt av moglegheiter - rett utanfor døra! Ski, fiske, sykkel, riding, kano og fjellturar er berre noko av opplevelsane som ventar på deg i naturen rundt deg.

Unik natur
Kviehoganes omgjevnader viser fram det ville landet vårt frå si beste side. Her er det lett å la seg imponere av naturopplevelsar året rundt.

Kort veg til eit hyggeleg og levande sentrum
Nordfjordeid er ein hyggeleg og sjarmerande tettstad. Eidsgata har flotte kafear med servering. Om sommaren er det gågate kvar helg og ofte eit yrande liv - kun 15 minutt frå hyttegrenda.

Arrangement og aktivitetar nær hytta di
Livet rundt Kviehogane hyttefelt er aldri kjedeleg, her er det mykje å ta seg til for både små og store gjennom heile året innan aktivitet og kultur. Ta deg ei runde på Stokkenes 9 hols golfbane og test slagferdighetane dine, eller besøk spennande og ærverdige Sagastad, vikingmuseet i Eid. ,Likar du fart og spenning? Kva med å teste surfe-moglegheitane i Hoddevika eller sommerskisenteret på Strynefjellet?
For musikkelskarane er kanskje musikkfestivalen Malakoff den største årlege hendinga her. Kvar juli-månad blir bygda Nordfjord fylt opp av 10 000 festivalglade menneske og nokre av dei mest aktuelle norske og internasjonale artistane innan rockesjangeren.

Dette er Norgeshus
Norgeshus er ein leverandør som følgjer deg heile vegen frå draum til innflyttingsklart hus eller hytte. I Norgeshus legg vi vår stoltheit som leverandør i å tilby solid fagleg kompetanse og god service, saman med vår forhandlar, Din Bustad. I Norgeshus lyttar vi til kundane og gir faglege råd, slik at det vert enklare for deg å ta dei rette avgjerdene når du skal byggje hus eller hytte til deg og dine.

Din Bustad er stolt forhandlar av Norgeshus. Vårt mål som leverandør av bustad, er å levere kvalitet. Vi er din rådgjevar og samarbeidspartnar gjennom heile byggeprosessen, frå fyrste møte til nøkkelen står i døra. Med oss kan du vere sikker på at du går over dørstokken til ein trygg, sikker og smart fritidsbustad som er bygd for framtida og etter dagens strenge tekniske krav og standardar. - Til tryggleik for deg og dei du er glad i.

Besøk oss gjerne på Nordfjordeid der vi er lokalisert i «Skreddarhuset».

 

 

Vil du ha meir informasjon om Kviehogane hyttefelt?

Snakk med meg om ting du lurer på - eller spør om ei visning på hyttefeltet!
Vegard Meland, mob. 969 04 788, epost: vegard.meland@dinbustad.no